P3 Dokumentar

124: Jul i Hellas

Feb. 2, 2017

I snart eitt år har grensene mellom Hellas og resten av Europa vore stengde. Flyktningane som kom og framleis kjem med båtar frå Tyrkia, får ikkje reisa vidare. Forhalda i flyktningleirane mange av dei bur i, er dårlege og uverdige. Siv N. Sandvold (32), Marie Norman Hjorth (29) og Thea Andersen (20) valde alle å setja si eiga julefeiring til sida for å reisa ned og hjelpa til. Siv og Marie reiste til flyktningleiren Nea Kavala i nord, medan Thea drog til eit barnesjukehus i Athen. Ingen av dei får betalt for innsatsen dei gjer. Kva er det som får tre unge damer til å byta ut den tradisjonelle julefeiringa med frivillig arbeid i Hellas?

Podparadise.com neither hosts nor alters podcast files. All content © its respective owners.